Dette nettstedet bruker javascript. Hvis du aktiverer javascript blir brukeropplevelsen bedre.

- Tøffare, brattare, friare

Arrangement

Faste arrangement

Fjellsportfestivalen
Fjellsportfestivalen vert arrangert årleg av Bratt moro i Fjellsporthovudstaden Sogndal midt i hjartet av fjell- og fjordnoreg. Med bratte fjell, djupe dalar, nydelige fjordar og snørike vintrar er Sogndal den ultimate plassen å drive fjellsport – året rundt!Fjellsportfestivalen syner fram bygdi sine lokale naturkvalitetar gjennom spanande og utfordrande aktivitetar, tufta på kunnskap om trygg ferdsel i bratt vinterlandskap. Festivalen skal inspirere, motivere, utdanne, underhalde, utfordre, samle og engasjere dei som har mykje erfaring med vinterfjellsport, og dei som har lite eller ingen erfaring.Fjellsportfestivalen er arenaen for utveksling av erfaring og kunnskap knytt til utøving av fjellsport vinterstid, gjennom god formidling og sosiale møteplassar.

www.fjellsportfestivalen.no

Foto: Håvard Nesbø

Foto: Tor Yttri

Fjell- og fjordmoro
Fjell- og fjordmoro er ein festival som syner fram all moroa vi har i sognanaturen!  Vi padlar på sognefjorden eller i elvane, klatrar i klatrefeltet på Kvam eller buldrar i sognahallen, syklar fantastiske stiar i Kaupangerskogen eller syklar Lustrafjorden rundt på landevegsykkel. Vi står på vannski og wakeboard, og spring motbakkeløp!

Fjell- og fjordmoro er ei samling av alle miljøa, alle entusiastane. Målet med moroa er å syne fram kvalitetane i naturen i Sogndalsregionen til dei som bur her, dei som burde budd her, dei som har lyst til å bruke naturen her, politikarane som forvalter naturen, og media som kan formidle den flotte naturen vår.

Dersom du ikkje er ute å klatrar, flyr paraglider, syklar i skogen, padlar på sjøen eller i elva, så er det på Dampskipskaien du skal vere. Her skal du finne mykje leik og moro for folk i alle aldrar!

Foto: Håvard Nesbø

Foto: Fjell- og fjordmoro