Dette nettstedet bruker javascript. Hvis du aktiverer javascript blir brukeropplevelsen bedre.

- Tøffare, brattare, friare

Den Store Fjellsportprisen 2011

SIGRID HENJUM

sigrid
 

Personen som mottek Den Store Fjellsportprisen 2011 har utmerka seg ved at ho har realisert draumane sine og er i ferd med å gjera ekspedisjonslivet til levebrød. Særleg har ho greidd å formidla eigne opplevingar vidare, til inspirasjon og glede for alle som har høyrt føredraga hennar. Ho byr på seg sjølv og er ekte i formidlinga av både gode og triste opplevingar. Ho står for sunne verdiar, er uredd og torer å flytta grenser.

Juryen i 2011: Rolf Sanne Gundersen, distriktsredaktør NRK Sogn og Fjordane, Kristina Klokkehaug, lærar og tryggleikssjef Fjellsportfestivalen og Andreas Haslestad, fjellførar/tindevegleiar

Prisen i 2011: Ein studietur til St. Antión i Austerrike

Prisutdelar: Heidi-Kathrin Osland, styreleiar Høgskulen i Sogn og Fjordane

Blomstergutar: Henrik Langeland og Knut Myking