Dette nettstedet bruker javascript. Hvis du aktiverer javascript blir brukeropplevelsen bedre.

- Tøffare, brattare, friare

Den Store Fjellsportprisen 2013

Markus Landrø

Foto: Bratt moro

Foto: Bratt moro

Personen som mottek Den Store Fjellsportprisen 2013 har gjennom ei årrekkje formidla kunnskap om snøskred på ein framifrå måte, som vegleiar, forfattar og føredragshaldar. Han er inkluderande i sin formidlingsstil, og han evnar å formidla kompliserte og samansette årsakssamanhengar og risikovurderingar på ein lettfatteleg måte til ei brei målgruppe. Han har vore sentral i oppbygginga av det populære studieemnet alpin skiferdsel ved friluftslivstudiet ved Høgskulen i Sogn og Fjordane. Dei siste åra har han gjennom arbeidet sitt i NVE vore ein sentral pådrivar og premissleverandør i oppbygginga av skredvarslingstenesta varsom.no – retta mot skifolk som likar snøen best der den ikkje alltid heng like fast.

Juryen i 2013: Rolf Sanne Gundersen, tidlegare distriktsredaktør NRK Sogn og Fjordane og friluftsentusiast, Anja Fardal, styremedlem Bratt moro AS, Heidi Kathrin Osland, styreleiar Høgskulen i Sogn og Fjordane og Tor Yttri, styreleiar Bratt moro AS

Prisen i 2013: Ein valfri studietur til ein verdi av 20 000,- kroner, skia Fyk frå Åsnes og ei isøks til å henja på veggen heime i stova.

Prisutdelar: Rolf Sanne-Gundersen og Anja Fardal