Dette nettstedet bruker javascript. Hvis du aktiverer javascript blir brukeropplevelsen bedre.

- Tøffare, brattare, friare

02.09.16 - 04.09.16 kl. 10:00 - 02:30

Fjell- og fjordmoro 2016

Festival
Foto: Håvard Nesbø
Foto: Håvard Nesbø

Fjell- og fjordmoro er ein festival som syner fram all moroa vi har i sognanaturen! Vi padlar på sognefjorden eller i elvane, klatrar i klatrefeltet på Kvam eller buldrar i sognahallen, syklar fantastiske stiar i Kaupangerskogen eller syklar Lustrafjorden rundt på landevegsykkel. Vi står på vannski og wakeboard, og spring motbakkeløp!

Fjell- og fjordmoro er ei samling av alle miljøa, alle entusiastane. Målet med moroa er å syne fram kvalitetane i naturen i Sogndalsregionen til dei som bur her, dei som burde budd her, dei som har lyst til å bruke naturen her, politikarane som forvalter naturen, og media som kan formidle den flotte naturen vår.

Leikar for store og små
Borna kan delta på skogstur og mindre konkurransar kvar dag under festivalen. Dei som er litt større kan ta ein sykkeltur eller klatretur. Under festivalen vert det arrangert shuttling til dei ulike aktivitetane.

Utlån av utstyr
Stisyklar
Doble kajakkar
Single kajakkar
Sit on top – kajakker
SUPer
Kanoer
Longbords

Damskipskaien er festivalens hjarte!
Dersom du ikkje er ute å klatrar, flyr paraglider, syklar i skogen, padlar på sjøen eller i elva, så er det på Dampskipskaien du skal vere. Her skal du finne mykje leik og moro for folk i alle aldrar!