Dette nettstedet bruker javascript. Hvis du aktiverer javascript blir brukeropplevelsen bedre.

- Tøffare, brattare, friare

22.02.17 - 26.02.17 kl. 12:00 - 17:00

Fjellsportfestivalen 2017

Festival
Foto: Håvard Nesbø

Fjellsportfestivalen vert arrangert årleg av Bratt moro i Fjellsporthovudstaden Sogndal midt i hjartet av fjell- og fjordnoreg. Med bratte fjell, djupe dalar, nydelige fjordar og snørike vintrar er Sogndal den ultimate plassen å drive fjellsport – året rundt!

Fjellsportfestivalen syner fram bygdi sine lokale naturkvalitetar gjennom spanande og utfordrande aktivitetar, tufta på kunnskap om trygg ferdsel i bratt vinterlandskap. Festivalen skal inspirere, motivere, utdanne, underhalde, utfordre, samle og engasjere dei som har mykje erfaring med vinterfjellsport, og dei som har lite eller ingen erfaring.

Fjellsportfestivalen er arenaen for utveksling av erfaring og kunnskap knytt til utøving av fjellsport vinterstid, gjennom god formidling og sosiale møteplassar.

Fjellsportfestivalen kan du lese meir om på www.fjellsportfestivalen.no