Dette nettstedet bruker javascript. Hvis du aktiverer javascript blir brukeropplevelsen bedre.

- Tøffare, brattare, friare

Forskingsprosjekt

Kunnskap skal vere basis for arbeidet Bratt moro gjer. Vi har difor initiert og delteke aktivt ii el rekke forskingsprosjekt. Nokre av dei kan du lese om her:

 

Fleirbruk av Kaupangerhalvøya

Hovudmålet med FOU-prosjektet er å utvikle kunnskap, metode og tiltak for samordna arealbruk i utmark mellom jakt og ulike former for friluftsliv for å redusere konfliktar og styrke lokal verdiskaping. Prosjektet vart initiert av Bratt moro, medan Sogndal Kommune er prosjekteigar

Prosjektet skal (delmål):

  • Få fram kunnskap om bruken og brukarar av området i dag og dei viktigaste endringane i bruken dei siste 25 åra. Få fram kunnskap om korleis jakt, vandring, stisykling og anna friluftslivsaktivitet påverkar kvarandre, kva som er gjort for å førebygge konfliktar tidlegare og i kva grad tiltaka har hatt effekt
  • Utvikle ein metode og tiltak for å skape ein samordna arealbruk av utmarka
  • Teste effekten av tiltaka (og metoden) på bruken og brukarane gjennom eit pilotforsøk
    Implementere metoden og tiltaka i arealplansystemet og utvikle organisatoriske løysingar for å forankre metoden i kommuneorganisasjonen
  • Dokumentere og publisere resultata frå alle delmål til brukarane og ålmenta

Vi skal nå desse måla ved å gjennomføre ein dialogprosess med representantar frå brukarane av utmarka, utvikle metode og tiltak for samordna bruk, teste effekten av tiltaka/metoden i felt, revidere tiltak og metode og implementere systemet hos brukarane og i kommunen.

Prosjektleiar er Eivind Brendehaug, og prosjektet har eigen nettstad http://prosjekt.vestforsk.no/fleirbruk/

—————————————————————————————————————————————————

Tilflytting for ein kvar pris? Ein studie av tilflyttingsarbeid i norske distriktskommunar

tilflyttingI Sogndal samarbeider fleire aktørar og institusjonar om å gjere regionen attraktiv for aktive menneske som er interessert i fjellsport, og å kunne tilby dei interessante jobbar. Bratt moro er ein av desse aktørane. Arbeidet er nærmare undersøkt i studien Tilflytting for enhver pris? Tilfyttingsarbeid i norske distriktskommuner, kor Sogndal er eit av casene.

Studien viser at tilflyttingsarbeid kan bidra til å rekruttere nye innbyggjarar, men at arbeidet verkar i det små, og at få personar vert rekruttert gjennom slik arbeid samanlikna med den totale tilflyttinga til ein stad. Sogndal har ikkje hatt eit typisk tilflyttingsprosjekt, men har jobba for å vise at her kan ein drive med sine fritidsinteresser, samstundes som ein studerer eller har ein interessant jobb.
Bratt Moro jobbar gjennom Fjellsportfestivalen for å synleggjere Sogndal og å etablere møteplassar for innbyggjarar og potensielle innbyggjarar. Selskapet jobbar for å stimulere til auka bulyst og tilflytting gjennom fleire ulike tiltak. Noko har ein jobba aktivt med i bulystprosjektet Kunnskapsbase og møteplass for fjellsport og ekstremsport». (link til prosjektbeskrivelse)

—————————————————————————————————————————————————

Verdiskaping frå naturbaserte aktiviteter

verdiskapingForprosjektet skisserar og testar ein metode for å analysere den lokale, eventuelt regionale, verdiskapinga frå naturbaserte aktivitetar. Bratt Moro var prosjekteigar og Bre og Fjell AS, Quality Hotell Sogndal, stiftinga ekstreme Voss, Sparebanken Vest og Distriktssenteret var prosjektdeltakarar.
Eit hovudmål med prosjektet var å finne ein metode for å undersøke betydinga naturbaserte aktivitetar har for val av bustad eller studiestad. Både tilflyttarar og fastbuande vart spurt om betydinga av naturbaserte aktivitetar for val om å flytte til eller bli buande i Sogndal og Voss. Studentar har i tillegg vorte spurt om dei kan tenke seg å bli buande på staden.

Resultata frå prosjektet viser at:

  • Det er mogleg å gi ein oversikt over fordelinga av brukarar av naturbaserte aktivitetar på tilknyting (tilreisande, fastbuande, hytteeigarar) ved å gjennomføre spørjeundersøkingar på utfartsstader for naturbaserte aktivitetar.
  • Spørjeundersøkinga har gitt gode bidrag til ein metode for å vekte betydinga av tilgang til naturbaserte aktivitetar for innbyggjarars bu- og flyttemotivasjon.
  • Det er behov for vidare utviklingsarbeid for å kople data om forbruk og lokal verdiskaping til dei ulike brukarane av naturbaserte aktivitetar.

Verdiskaping frå naturbaserte aktiviteter – utvikling av en metode for å skissere fastboende sin betydning for verdiskapingen. Vestlandsforsking- rapport nr. 10/2013.

—————————————————————————————————————————————————

Ekstremsport, business og bulyst
Om samanhengen mellom ekstremsport, reiseliv og busetting.

ekstremsportEkstremsportarrangement på Vestlandet byggjer på unike kvalitetar og kunnskapar i sine lokalsamfunn. Fjellsportfestivalen var eit av arrangementa som vart undersøkt i denne studien. Studien undersøker flaskehalsar og moglegheiter for slike arrangement i seg sjølv, og for at dei skal kunne bidra til reiseliv og busetnad. Målet med forprosjektet var å byggje både kunnskap og nettverk rundt samanhengen mellom ekstremsport, reiseliv og busetnad. Forskarane meiner potensialet er for lite utnytta i dag.

Nokre funn:

  • Funna frå undersøkinga kan sjåast som ein indikator på det rekrutteringspotensialet som ligg i naturglade menneske generelt.
  • Ekstremsportarrangement er med på å synleggjere naturlege fortrinn ved sine respektive heimkommunar.
  • Moglegheiter for å utøve sport er avgjerande for ei gruppe menneske som bur på plassane knytt til ekstremsportarrangementa.
  • Eit meir kontinuerleg tilbod av aktivitetar, også utover festivaltida, er naudsynt dersom ein skal utnytte det potensialet som ligg i ekstremsport og naturbaserte opplevingar i turistsamanheng.
  • Det er behov for nærare samarbeid lokalt og regionalt for å utnytte potensialet som ligg i arrangementa.

Prosjektet vart finansierert av Regionalt Forskingfond Vestlandet (RFFVEST), fylkeskommunane i Hordanaland og Sogn og Fjordane og Fylkesmannen i Møre og Romsdal. Partnarar i arbeidet var Møreforsking, Norsk Fjellfestival i Åndalsens, World Base Race, X2 i Volda/ Ørsta, Fjellsportfestivalen i Sogndal, Sommarskisenteret på Strynefjellet, Rødal Freeride Challenge i Odda og Ekstremsportveko på Voss.

Ekstremsport, business og bulyst. Om samanhengen mellom ekstremsport, reiseliv og busetting. Møreforskning. Rapport nr. 34.

—————————————————————————————————————————————————

Ynskjer studentar ved HiSF å leva av friluftsliv?

Høgskulen i Sogn og Fjordane (HiSF) har i samarbeid med Bratt Moro gjennomført ei spørjeundersøking blant studentane for å kartlegga deira planar om å starta eiga verksemd generelt og innafor aktivitetsbasert friluftsliv spesielt. Undersøkinga har freista å gje svar på desse problemstillingane:

  • Kor mange studentar kan tenkja seg å starta eiga verksemd innan aktivitetsbasert friluftsliv?
    Er det skilnader mellom dei som studerer reiseliv/naturbasert reiseliv og andre studentar?
  • Kva faktorar påverkar sannsynet for at studentar ynskjer å starta denne typen verksemd?
  • Kor mange studentar deltek i eit aktivitetsbasert friluftsliv og, eventuelt, kor ofte og i kva type aktivitetar?
  • Har moglegheitene for eit aktivitetsbasert friluftsliv i studietida verka inn på ynskje om å etablera eiga verksemd?

Med aktivitetsbasert friluftsliv er meint aktivitetar som ein gjer ute i naturen; blant skog, fjell og fjord, både sommar og vinter. Dette kan vera aktivitetar ein gjer på eiga hand eller det kan vera organiserte aktivitetar.

Nesten 2 av 3 studentar deltek på ein friluftsaktivitet minst ein gong i veka. Den mest nytta friluftsaktiviteten er vandring/fotturar, men og langrenn, toppturar/frikøyring på ski eller brett og alpint er mykje brukt. Frilufts-, naturfag- og reiselivsstudentane er dei som nyttar friluftsaktivitetar oftast, medan sjukepleiestudentane i mindre grad utøver friluftsaktivitetar.

Nesten 2 av 3 studentar ved HiSF er særs nøgde med moglegheitene for å driva med friluftsaktivitetar på studiestaden. I Sogndal gjeld dette 3 av 4 studentar, medan det i Førde er 1 av 5.
Knappe 5 prosent av studentane svara at det var svært sannsynleg at dei i framtida ville etablera ei verksemd i friluftsbransjen. Dette svarar til om lag 175 studentar ved HiSF.

56 prosent av studentane på friluftsliv seier det er litt eller svært sannsynleg at dei vil skipa eiga verksemd innan aktivitetsbasert friluftsliv, medan om lag 46% av reiselivsstudentane har dei same planane. Om lag kvar femte idretts- og lærarstudent har og planar om å skipa eiga verksemd innan denne bransjen. Vandringar/fotturar, guida turar, arrangement/festivalar, toppturar med ski eller brett og utleige av utstyr er aktuelle produkt/tenester.

Blant dei studentane som vil starta eiga verksemd innan friluftsliv, svara vel halvparten at dei blei påverka av deltaking i friluftsaktivitetar på studiestaden.

Nesten fjerdeparten av Sogndalsstudentane som svarar at dei har planar om å etablera eiga verksemd innan friluftsaktivitetar vil gjera dette i Sogndal. Dette motsvarar om lag 75 studentar.
Dei 4 viktigaste faktorane bak studentane sitt ynskje om å etablera eiga bedrift innan friluftsaktivitetar var:

  • Dei kjenner andre personar som driv eiga bedrift innan friluftsaktivitetar
  • Dei har ein proaktiv personlegdom (dvs dei har ein «framoverlena» og aktivitetsorientert personlegdom»)
  • Dei studerer anten idrett, reiseliv eller friluftsliv
  • Dei har foreldre som er sjølvstendig næringsdrivande innan friluftsbaserte aktiviteter.

Last ned rapporten

Last ned presentasjon

Entreprenørielle intensjoner blant studenter
-en kvantitativ studie av entreprenørielle intensjoner hos studenter ved HiSF