Dette nettstedet bruker javascript. Hvis du aktiverer javascript blir brukeropplevelsen bedre.

- Tøffare, brattare, friare

Infrastrukturprosjekt

Toppturparkering på Brandhaugadn og ved Frudalstunnelen

Med auka trafikk til skiområda i Sogndalsdalen oppsto raskt behov for å tilretteleggje parkeringsplassar. Gjennom dialog med grunneigarar og entreprenørar og finansiering og tilretteleggjing frå Sogndal Kommune og Sogn og Fjordane Fylkeskommune lukkast det Bratt moro å etablere 120 parkeringsplassar for friluftsbruk på Brandhaugadn. Her, midt i fantastiske Gunvordalen, er vegen kort til Sogndalsikonet Togga, skisenteret, Selseng, Frudalen og Dalavatnet.

Laussnøekspressen

Den rullande shiheisen er Bratt moro-gründer Tor Yttri sin innovasjon.

Det heile starta med ein gjeng entusiastar som spleisa på ein folkevognbuss med sjåfør på dugnad som frakta skikøyrarar frå Riksveg 5 og tilbake til skitrekket i Sogndal Skisenter. Dette opna for bruk av laussnøparadiset i Hodlekveskogen/Gundvordalen og har vore ein kjempesuksess.

Etter pionerperioden har tilbodet utvikla seg. Dei første åra vart tiltaket støtta av Sogn og Fjordane Fylkeskommune, medan Laussnøekspressen idag er eit kommersielt samarbeid mellom Sogndal Skisenter og Nettbuss.

Foto: Håvard Nesbø

Foto: Sogndal skisenter

Sogn sykkelførar

I samarbeid med gode vener i Rocketfarm har Bratt moro utvikla eit digitalt verktøy for sykkelentusiastane lokalt. På Sogn Sykkelfører finn du dei flottaste plassane å sykle i skog og mark, og du kan dele dine eigne ruter med andre entusiastar.

Laussnøbiblioteket

I samband med Fjellsportfestivalen 2016 starta Bratt moro saman med Hølyde Media utvikling av Laussnøbiblioteket. Tanken er å laga ein turguide med levande bilete, grafikk og kommentarar i tillegg til tips om trygg ferdsel i naturen.

Trafikktryggleikstiltak og busslommer Sogndalsdalen

Tryggleiken til entusiastane rundt oss er viktig, og Bratt moro har vore medspelar for styresmaktene gjennom ymse informasjonstiltak (avis, nett, app og innslag i arrangement). For å sikre Laussnøekspressen trygge venteplassar og av-/påstigingsplass har vi og vore pådrivar for etablering av stopplommer på Riksveg 5 i Sogndalsdalen.

Elles har Bratt moro

  • fått teikna eit flott stupetårn på Dampskipskaien som vi framleis ikkje har klart å reise midlar til
  • samla inn pengar til pump-track på Kvåle som framleis ikkje er realisert på grunn av idrettsbyråkratiet i fylket
  • utvikla rampe for speedriding på Loftesnesfjellet
  • testa ulike shuttletiltak til fjells og til vanns sommar og vinter
  • saman med Idrettssenteret utvikla treningsopplegg for utøvarar innan nyskapande friluftsliv