Dette nettstedet bruker javascript. Hvis du aktiverer javascript blir brukeropplevelsen bedre.

- Tøffare, brattare, friare

Kunnskapsbase og møteplass for fjellsport og ekstremsport

Bakgrunn
Frå 2008 til 2010 arrangerte Bratt moro Fjellsportfestivalen i Sogndal i skulen sin vinterferie. Føremålet med festivalen var å vise vintervegen til Sogn gjennom å ta i bruk naturen og vise fram kvalitetane for både oss sjølv og omverda.

Då bulystprogrammet våren 2011 lyste ut midlar søkte Bratt moro om 3.600.000 kroner og 19. august 2011 innvilga statsråd Liv Signe Navarsete 1.900.000 til prosjektet med dette færemålet:

«Prosjektet skal auke attraktiviteten og styrke omdømet til Sogndal og regionen gjennom å vidareføre og utvikla effektane og resultata oppnådd gjennom Fjellsportfestivalen. Dette inkluderer faktorar som trivsel, bulyst, tilflytting, etablering av arbeidsplassar og turisme.»

Vidare følgde Sogn og Fjordane fylkeskommune og Sogndal kommune opp med naudsynte signal og vedtak og det vart gjort små justeringar i prosjektet. Mellom anna vart Sogn og Fjordane fylkeskommune med på finansiering ut 2014, medan KRD sin finansiering stoppa etter 2013. Dette gjorde at vi kunne markere starten på prosjektet med Fjellsportbaluba 21. oktober 2011 og tilsetjing av prosjektleiar frå 01.11.2011.

Prosjektleiar deltok vinteren 2011/2012 på kurset «Prosessleiing i lokal samfunnsutvikling» og saman med representantar frå Sogn og Fjordane Fylkeskommune og Distriktssenteret (som og er medlemmar i prosjektet si styringsruppe) vart det utvikla ein prosessplan med følgjande resultatmål:

  • Gjera lokalkunnskap på høgt nasjonalt nivå tilgjengeleg for folk flest.
  • Leggja til rette for infrastruktur som opnar fjellheimen for fleire grupper.
  • Skapa nettverk og knyta nære band mellom etablerte aktivitetsverksemder og kunnskapsverksemder, både i regionen, nasjonalt og internasjonalt.
  • Inkludera, involvera og engasjera unge med interesse for ekstremsport/ fjellsport/ friluftsliv som ikkje vert fanga opp av andre organisasjonar.
  • Byggje nettverk på tvers av nabofylka.

Organisering
Prosjektet har i heile perioden vore organisert med ei styringsgruppe med Tor Yttri som leiar og Jan Tore Rosenlund, Inga Marie Skavhaug, Lisbeth Bringebøen og Yngve Hallén som medlemmar. Torgeir Skålid vart ved prosjektstart tilsett som prosjektleiar og har fungert i rolla heile prosjektperioden. Prosjektet har hatt mange prosjektmedarbeidarar, både tilsette, inleigd kompetanse og dugnadsarbeidarar. Viktige ressursar har vore Stein Magne Os, Tor Yttri, Knut Myking, Odd Eivind Holo, Magnus Aasheim, Rosa Marie Berg Skovli, Jan Øhlckers, personell frå Sogndal Fotball, Vestlandsforsking, Høgskulen i Sogn og Fjordane og Sogn Næring.

Styret i Bratt moro har gjort ei eineståande innsats i prosjektet gjennom idémakeri, tilrettelegging, kontroll, sal og praktisk gjennomføring. Det kommersielle samarbeidspartnarane våre har i tillegg til å delfinansiere prosjektet og andre av Bratt moro sine aktivitetar og ytt store personalbidrag i prosjektet. Lags- og organisasjonslivet i Sogn er eit kapittel for seg. Organisasjonar og lag har stilt med personell, utstyr, lokaler og enorm entusiasme i prosjektet, utan dei – lite bulyst!

Måla, litt kort om tiltak og ein liten vurdering av kva som er oppnådd

  • Gjera lokalkunnskap på høgt nasjonalt nivå tilgjengeleg for folk flest

Vi har gjennom ei rekkje seminar, både einskilde og seminar/kurs/nettverksmøter i samband med dei større arrangementa våre, greidd å få til akkurat dette; gjort kunnskapen til undervisnings- og forskingsmiljøa ved ulike institusjonar og organisasjonar tilgjengeleg for natur- og friluftsinteresserte i alle aldrar og samfunnslag. Samstundes har vi fokusert på å tilføre våre eigne miljø kompetanse utanfrå gjennom eksterne kurs og foredragshaldarar frå inn- og utland og studiebesøk. Organisasjonar/institusjonar som har vore representert i dei ulike ekspertpanela har vore alt frå Høgskulen i Sogn og Fjordane, Vestlandsforsking, og Sogndal Vidaregåande skule til nasjonale og internasjonale utdannings- og forskingsinstitusjonar, NVE, NGI, Fri Flyt, Norges Røde Kors, innanlandsk- og utanlandsk næringsliv, organisasjonar og einskildpersonar. I tillegg har den lokale fjellkunnskapen vore viktig premiss-, aktivitets og kunnskapsleverandør i prosjektet. Såleis er prosjektet heilt klart med på å styrka næringsgrunnlaget for dei som sit med denne kompetansen, noko som sikrar desse større inntening og i neste omgang gjer denne næringsvegen meir attraktiv. Gjennom arbeidet vårt mot kunnskapsmiljøa har og Bratt moro initiert og bestilt forskingsprosjekt, det er skrive alt frå prosjektoppgåver til bachelor- og masteroppgåver om verksemda vår.

  • Leggja til rette for infrastruktur som opnar fjellheimen for fleire grupper

Naturen i Sogn er det ikkje noko å seie på, men det har vore naudsynt med fleire tiltak for å leggje til rette for nye grupper. I nært samarbeid med Sogn og Fjordane fylkeskommune, Sogndal kommune og Statens vegvesen har vi m.a. bygt friluftsparkeringsplassen Brandhaugadn toppturparkering i Sogndalsdalen, med plass til over 100 personbilar. Bygginga vart sluttført sommaren 2013 og framstår i dag som eit unikt prosjekt. Vidare har vi etablert vinterparkering ved Frudalstunnelen i Sogndalsdalen. I nært samarbeid med Statens vegvesen har vi også etablert stopplommer langsmed Riksveg 5 gjennom Sogndalsdalen for Laussnøskepressen, noko som har vore eit viktig trivsels- og trafikktryggingstiltak. For alle tre tiltaka er det laga bærekraftige spleiselag for vedlikehald og snørydding.

Vi har også etablert Laussnøekspressen i Sogndalsdalen, ein buss som plukkar opp skiløparar frå område som tidlegare ikkje vart nytta til skikøyring. Ruta er i dag kommersielt operert av Nettbuss og som ein vidareutvikling er det under planlegging ein Friluftsbuss som skal ta publikum ut på dei mest interessante arenaene for friluftsliv.

Parallelt med prosjektet har det og skjedd ein rivande utvikling både i næringsliv, frivillig sektor og i det offentlige. Det er etablert Lodge og Guiding-verksemd, fjellførar og guideverksemdene har vakse, begge dei lokale skisentra har opna 2 nye skitrekk. Det er og etablert frivillige organisasjonar for stisykling, frikøyring på ski og det er stor vekst i klatreklubb og turlag. Høgskulen sin friluftsavdeling har god vekst, og nyskapande friluftsliv er teken inn i kommuneplanar, og reiselivsplanar. Det er og publisert eit mangfald av bøker, artiklar og videoar som gjev brukarane viktig kunnskap.

Kunnskap er grunnlaget for trygg og berekraftig ferdsel i og bruk av naturen. Kunnskapselementet har vore gjennomgåande i prosjektet, og ikkje minst formidling gjennom ulike møteplassar i prosjektperioden. Til slutt kan det nemnast at vi har teikna og prosjektert stupetårn på Dampskipskaien, samla inn midlar til pump-track i Kvåle Idrettspark, laga rampe for speedriding på Loftesnesfjellet og utvikla eigen kleskolleksjon.

  • Skapa ein fast geografisk møteplass forfjellsportinteresserte personar

Sogndal er, sidan etableringa av Fjellsportfestivalen 2008 og fram til i dag, vorte ein nasjonal og internasjonal møteplass for personar med interesse for fjellsport. Vi har gjennom ei rekkje tiltak, som td. Fjellsportkonferansen, Den nordiske Skredkonferansen og 2014 International Adventure Conference, festivalane Fjell og Fjordmoro og Fjellsportfestivalen og gjennom ei rekke andre arrangement samla gjester frå inn- og utland der tema har vore fjellsport i vidt perspektiv. 2014 International Adventure Conference var klimakset i prosjektet der vi samla over 350 deltakarar frå 27 nasjonar frå alle kontinent i Sogndal
I 2014 etablerte ei rekke aktørar innan det nyskapande friluftslivet aksjeselskapet Sogndal fjell- og fjordsportsenter med Bratt moro som største eigar. Selskapet er eit resultat av eit utviklingsarbeid i regi av Bratt moro/Vidsyn Rådgjeving og ein testsesong gjennomført av Bratt moro i 2013. Målet er å etablere eit senter for aktivitet, kinnskap og formidling i Sogndal.

  • Forsterka gode opplevingar gjennom bruk av digitale verktøy.

Vi har lukkast godt med å byggja opp eit miljø der det vert levert formidling av gode opplevingar gjennom bruk av foto og video av svært høg standard. Gjennom eit tett og utviklande samarbeid med Ekstremsportveko på Voss, der vi deler kunnskap og medarbeidarar med kvarandre, er vi i ferd med å skapa eit miljø og ein ressurs som også er ettertrakta hjå andre, også kommersielle aktørar. Vi er i ferd med å utvikla samarbeid med større aktørar på dette området, som kan gje oss ytterlegare løft i kvalitet. Her vil vi nemna Field Productions, eit norsk filmselskap som leverer ski- og naturfilmar for den internasjonale marknaden. Distribusjon av bilete og film har først og fremst skjedd gjennom eigne arrrangement. I tillegg har nasjonale kanalar som NRK, TV2, VGTV, FFTV og Salomon Freeski TV nytta materiellet i si dekning av arrangementa våre og relaterte tema. Vidare har materiellet vårt vore brukt i så vel reklamefilm, på Flytoget, i flya til Norwegian, i samband med Tippeligakampar på Fosshaugane Campus og på storskjerm på ein undergrunnstasjon i Seoul…

Sykkelføraren for Sogn er utvikla som eit samarbeid mellom Rocketfarm og Bratt moro og halde vedlike av sykkelentusiastar. Det har og vore gjennomført mindre forsøk med bruk av GPS og annan relevant teknologi. Saman med Rocketfarm er det og utvikla festivalapp til Fjellsportfestivalen. Saman med freeriderockarane i TYYL!! Har vi laga musikkvideoar med stor suksess og saman med lokale artistar slapp vi i 2014 Dalasongen på Itunes og Spotify promotert med eigenprodusert musikkvideo.

  • Skapa nettverk og knyta nære band mellom etablerte aktivitetsverksemder og kunnskapsverksemder, både i regionen, nasjonalt og internasjonalt

Prosjektet har skapt fruktbare og levedyktige nettverk både, lokalt, regionalt, nasjonalt og internasjonalt. Nokre av nettverka er formaliserte, andre er av lausare art. Gjennom konferansar, andre faglege samlingar og studieturar er det etablert nettverk mot kunnskapsmiljø, næringsaktørar og frivillig sektor i inn og utland. Særleg har Fjellsportkonferansen i 2013, Den nordiske Skredkonferansen i 2013 og 2014 International Adventure Conference, samt studieturar til Sheffield (England), Fort William (Skottland), Revelstoke (Canada), Kerry (Irland), Whistler (Canada), København (Danmark), Rauma (Norge), Voss (Norge), Kristiansund (Norge), Tyin (Norge), Stryn (Norge) og Fjærland (Norge).

Gjennom dei ulike festivalarrangementa har det blitt etablert nettverk mot arrangørar i fylket som for eksempel Malakoff Rockfestival, Opera Nordfjord, Våt moro og Førdefestivalen i eige fylke, mot Ekstremsportveko, Bygdalarm og Vinjerock i nabofylka våre og mot Cliffhanger og Sheffield Adveture Film Festival i Sheffield, Fort William Mountain Festival, Adventure outdoor fest (San Candido, Italia) og Éljagangur winter sports festival (Island) internasjonalt. Prosjektet vårt har gjennom dei fleste tiltaka i perioden forsøkt å kopla aktivitetsverksemder og kunnskapsverksemder lokalt og i regionen. Vi kan også nemna forskingsprosjektet ”Fjellverdiar – Friluftsliv, turisme og busetnad”, som Bratt moro er eigar av, der Vestlandsforsking og oplevingsverksemdene Ekstremsportveko og Bre & Fjell er sentrale aktørar.

  • Inkludera, involvera og engasjera unge med interesse for ekstremsport/ fjellsport/ friluftsliv som ikkje vert fanga opp av andre organisasjonar

Deltakarane i mange av prosjektet sine aktivitetar er ungdom som ikkje vert fanga opp av det tradisjonelle organisasjonslivet. Dette har vore dels utfordrande og dels spennande, utfordrande fordi det er vanskeleg å få tak i det samla miljøet sine ønsker, spennande fordi ein har kome i dialog med mange eldsjeler med banebrytande idear.

Det er først og fremst gjennom dei ulike arrangementa og tiltaka ein har engasjert denne målgruppa gjennom aktivitet, konkurranse, kunnskapsformidig og sosiale møteplassar. Men ein har og i prosjektet lukkast gjennom det før nemnde foto- og filmmiljøet å skapa ein kultur for formidling av eigne og andre sine opplevingar og aktivitetar. Vi har også greidd, gjennom fleire av tiltaka, å skapa aktivitetar og møteplassar for unge utøvarar av til dømes jibbing (vinter) og sykling (sommar) som ikkje har andre organisasjonar å venda seg til lokalt. Vi er også i startgropa med å utvikla aktivitetar innan luftsport, der unge er primærmålgruppa. Vi trur at ettersom miljøa vert stimulert vil vakse seg sterkare og at det etter kvart, slik som klatremiljøet har klart, vil etablere levedyktige miljø og organisasjonar.

  • Vera ein pådrivar for bygdeutvikling i Sogndalsdalen/Sogndal og regionen elles

Bratt moro har gjennom prosjektet ”Møteplass og kunnskapsbase for fjellsport og ekstremsport” spelt ei sentral rolle i utforminga av Sogndal kommune sin nye arealplan, som har tilrettelegging for nyskapande friluftsliv som eit sentralt mål. Vi har elles gjennom fleire prosjekt sett at fokuset prosjektet vårt har skapt i Sogndal, har vore med og medverka til fleire nyetableringar som kjem under definisjonen bygdeutvikling. Vi kan nemna den nært nyleg oppstarta utbygginga av Hodelkve i Sogndaldalen som døme. Her er det no regulert inn fleire skiheisar, vel 500 fritidsbustader og ei rekkje andre infrastrukturelle tiltak som tek sikte på å utvikla ein heilårsdestinasjon. Det er vanskeleg å kome unna vekst i innbyggjartal i Sogndal Kommune og den formidable auka søknaden til Høgskulen i Sogn og Fjordane. Prosjektet skal ikkje på nokon måte ta æra for dette åleine, for å oppnå slike effektar må mange dra lasset ilag. Det vi imidlertid er overtydde om er at prosjektet vårt gjennom formidling av kvalitetane rundt oss har gjort oss sogningar stolte av det vi har og dermed blitt gode ambassadørar.

Målgrupper for prosjektet, når prosjektet frem til disse?
Prosjektet har definitivt lukkast med å nå målgruppene sine. Vi har invitert til og arrangert ei rekkje samlingar og møteplassar der vi særleg har vektlagt at nytilflytte og turistar i Sogn kjenner seg inkludert, både studentar og personar som har søkt seg til Sogn for å arbeida og bu her eller som er på ferie. Desse har i sterk grad møtt fram og teke aktivt del i prosjektet, ikkje minst som frivillige i ulike arrangement Bratt moro står bak. Såleis har vi lukkast med å gjera prosjktet til eit integrerande tiltak, der dei som kjem hit tek del i aktivitetane og dugnadsarbeidet. Her er det ikkje alltid like lett å dokumentera måloppnåing, men utfrå tilbakemeldingar, medieoppslag, publikumsoppmøte og knoppskytinga rundt oss vil vi påstå at vi har nådd fram. I tidlege prosjektplanar var prosjektet tenkt organisert som eit direkte demokrati for å forankre prosjektaktivitetane breitt. Dette synte seg tidleg å vere naivt å få til, så i størstedelen av prosjektperioden har ein jobba med meir overordna styring. Fjellsporttinga har vore brukt som kompetansehevande tiltak, som møteplass og nettverksarenaer og tilbakemeldingane på desse har vore veldig gode. Noko av det vi såg på som ei stor utfordring med prosjektet var å nå fram til dei som vert definert som uorganisert ungdom og i einskilde tilfelle vanskelegstilte unge. Også her har vi ei god kjensle av å ha lukkast. Både gjennom fysiske aktivitetar og kurs som td frikøyring og jibbing og etablering av fotogrupper og oppretting av eigne dugnadslag som rigging av arenaer i utfordrande natur, har vi nådd mange av desse som lett vert definert inn i båsane uorganisert og/eller vanskelegstilt.

Resultat som er oppnådd i form av aktiviteter eller tiltak
Vi har greidd å skapa ei rekkje ulike møteplassar for målgruppa, slik som festivalar, konferansar, seminar, workshops, konsertar og kurs med frå 1 til 2000 deltakarar. Her har vi ei svært stor spennvidde, frå kurs innan digital videoteknikk til til seminar om fjellsporthistoria i Sogn. Vi har arrangert studieturar i inn- og utland, laga nettverkssamingar og nedsett ekspertgrupper, referansegrupper og utval.

Ei rekkje tiltak er starta opp. Infrastrukturelle tiltak som bygging av topptur-/friluftsparkering, etablering og vidareutvikling av transporttilbodet. Laussnøekspressen, etablering og utprøving av skyttelbuss-tilbod for sti- og downhillsyklistar i Sogndal, utvikling av syklelførar, festivalapp og nettstader. I prosjektet er det med stort og smått gjennomført over 100 arrangement. Alt frå studietur med 1 deltakar til festivalar og konsertar med 1500. Arrangementa har vore viktige arenaer for å vise fram aktivitetspotensiale, skape møteplassar og formidle kunnskap. Liste over gjennomførte arrangement ligg vedlagt. Vi oppdaga tidleg at for å mobilisere brukarane i prosjektet var det naturleg å «bolke» arrangement inn mot dei store arrangementa. Såleis har ein 3-dagars konferanse blitt til sju dagar med fjellsport og ekstresport grunna tilleggsarrangement i for- og etterkant av sjølve konferansen. Dette har virka særs mobiliserande både på publikum og dugnadskraft.

Metodikk i prosjektet
Prosjektet ”Møteplass og kunnskapsbase for fjellsport og ekstremsport” er svært omfattande og samansett, med ei rekkje delprosjekt og delmål. Difor vart prosjektleiaren i startfasen sendt på kurs i prosessplanlegging og –styring. I neste fase utvikla prosjektleiaren, saman med ein representant for Sogn og Fjordane fylkeskommune (Lisbeth Bringebøen) og ein representant for Distriktssenteret (Inga Marie Skavhaug) ein prosessplan for prosjektet. Dette har vist seg svært tenleg og ein god reiskap i styringa av eit så omfattande prosjekt, omfattande fordi det femjer om veldig mange og ulike grupper og einskildpersonar. Når det er sagt har prosjektet vore styrt «The Bratt moro-way». Mange gode krefter i det breie lag at bygda har trekt prosjektet ilag, og prosjektleiar/styringsgruppa si viktigaste rolle har vore at toget ikkje spora av. Vi har bygd tiltak på tiltak, arrangement på arrangement, gitt mange einskildpersonar og organisasjonar tillit og mynde slik at vi saman har skapt kvalitet. Det har likevel vore ein bra struktur på arbeidet og ein har til einkvar tid hatt god kontroll på økonomi og dei ytre rammene, noko som har gjeve rom for å levere godt over målsetjingane prosjektet har hatt.

Overføringsverdi for eksempel til andre lokalsamfunn
Vi trur prosjektet ”Møteplass og kunnskapsbase for fjellsport og ekstremsport” har og vil ha stor overføringsverdi til andre lokalsamfunn, heilt eller delvis. I det store biletet handlar det om å skapa nye møteplassar, kopla ulike miljø saman – gjerne med eit klart mål om kva ein vil oppnå, men ikkje nødvendigvis. Vi ser at prosjektet har oppnådd veldig mange effektar og synergiar vi ikkje hadde planar eller tankar om då vi starta opp. Mykje handlar også om kartlegging av eigne kvalitetar i lokalsamfunnet, og vidareforedling av desse. Vi ser også ein stor effekt i kunnskapsoverføring frå profesjonelle fagpersonar og representantar for akademia, til vanlege brukarar av naturen, ikkje minst unge brukarar. Rausheit og evne til å dela er kanskje det viktigaste andre lokalsamfunn kan lære i Sogndal. Kjensle av eigarskap gjennom involvering gjev positivitet i lokalsamfunnet og vi blir stolte av kvarandre og det vi har saman. Det er dei som bur i regionen og dei som er på besøk av kortare og lengre varigheit som er ambassadørane våre, og når dei er positive utgjer vi ei enorm kraft.

Ekstern kommunikasjon og deltakelse på samlinger med utgangspunkt i prosjektet
Prosjekt ”Møteplass og kunnskapsbase for fjellsport og ekstremsport” har fått mykje og god publisitet i media. Lokalmedia som Sogn Avis og NRK Sogn og Fjordane har følgt prosjektivitetane tett. Vidare har prosjektet har TV-dekning i NRK Vestlandsrevyen, Salomon Freeski TV, TV2 Nyhetene, NRK Dagsrevyen, TV2 Magasinet og TV2 Sporten. Andre aviser som har dekka aktiviteter er The Guardian (UK), Trønderavisa, Sogn Avis, Firda, NRK.no, NRK.no/sf, Aftenposten, Dagens Næringsliv og Bergens Tidende, i tillegg til desse magasina: Fri Flyt, D2, Klatring, Terrengsykkel og ei rekke aktivitetsnettstader.
Gjennom kampanjer frå kommersielle aktørar har vi og vore synlige: Annonsekampanje Sparebanken Vest, reklamefilm Lerum, annonser og film frå Helly Hansen og Åsnes.

Vi har hatt vitjing av ei rekkje gjester og representantar for ulike lag og organisasjonar, både private og offentlege verksemder. Vi har også delteke på ei rekkje samlingar i inn og utland som følgjer av prosjektet. Vi kan nemne møter med kommunalminister Liv Signe Navarsete, kulturminister Anniken Huitfeldt og kommunalminister Jan Tore Sanner, møter med kommuner og fylkeskommune, næringshagar, næringsselskap og kunnskapsparkar, nettverkssamlingar, konferansar som Vestlandsk Vidsyn, Innovasjon Norge sine reiselivskonferansar, Fjordane frå Bre til hav, Senterpartiet sitt landsmøte, LUK-samling, prosessleiarsamling, fjellsportforum, forskarsamlinger, bedriftssamlinger og frivilligsamlinger. Vi vert stadig utfordra til å fortelja vår historie på ulike konferansar og seminar, noko vi sjølvsagt har stilt opp på og prøver å skreddarsy for den aktuelle målgruppa.

Det er prosjektleiinga si oppfatning at prosjektet bidreg til følgjande målsetjingar i distrikts- og regionalpolitikken

  • Stabilisere eller auke befolkninga
  • Styrke, sikre eller etablere arbeidsplassar
  • Oppretthalde/vidareutvikle eksisterande verksemd eller bidra til nyetableringar
  • Auka innovasjon eller innovasjonsevne
  • Auka kompetanse (både realkompetanse og formalkompetanse) for målgruppa
  • Styrke regionale sentra
  • Å gjere staden/kommunen/området meir attraktivt som bustad eller lokaliseringsstad for verksemder
  • Å gjere staden/kommunen/området meir attraktivt som reisemål?
  • Geografisk meiner prosjektleiinga at prosjektet vil ha effekt lokalt, regionalt, i fulket, nasjonalt og internasjonalt

Vidareføring
Gjennom prosjektet har vi fått mulegheit til å teste ut mange arrangement, tiltak, arbeidsmetodar og produkt, dei fleste har definitivt potensiale for vidareføring.
Mye av arbeidet Bratt moro har teke tak i har og etterkvart blitt forankra i offentlege planar. Nyskapande friluftsliv er satsingsfelt for Sogndal Kommune, ein viktig del av kommuneplanen, Fjellsportfestivalen er prioritert på kommunen sin Topp 10-liste. Reiselivet prioriterer naturbasert aktivitet høgt og Innovasjon Norge har dette på agendaen for si reiselivssatsing.

Sogn og Fjordane fylke sin visjon for utvikling av reiselivet fram mot 2025 er: Berekraftige naturopplevingar i verdsklasse. Miljødepartementet legg i haust fram frilutslivmelding og det er forventa ein ny lov om friluftsliv iløpet av dei neste åra. I tida framover kjem Bratt moro til å vidareføre ein del av det vi har starta på gjennom dette bulystprosjektet i eigen organisasjon, spele inn ideear til kommersielle aktørar, peike på offentlege institusjonar som må ta ansvar og engasjere frivillige til å ta tak. Det er stort behov for infrastruktur. Alt frå bygg, vegar og parkeringsplassar til teknologiske løysingar, skilt, tryggleikstiltak og kunnskap må til i den vidare utviklinga.

I næringslivet generelt og reiselivet spesielt er det stort behov for produktutvikling og etablering av verksemder. Bratt moro kjem til å fokusere på dette framover og har inngått samarbeid med HISF, Vestlandsforsking og engasjert Dr Peter Varley ved UHI i Skottland til mellom anna dette arbeidet. Det må etablerast eit Fjell- og fjordsportsenter som kan ta vare på, selje, vidareutvikle og presentere kunnskapen regionen vår har. Det har vore stillstand rundt Dampskipskaien det siste halve året, dersom ein ikkje kjem til ei løysing med huseigar må det utviklast nye idear rundt dette. Det er ei målsetjing for Bratt moro å fortsetje å vere ein pådrivar for det nyskapande friluftslivet. Vi skal utfordre, leggje til rette for diskusjon og utvikling og skape nye aktivitetar. Med dei positive effektane og resultata prosjektet har levert har vi eit stort eit håp om at organisasjonen til Bratt moro kan nyttast i det vidare arbeidet med samfunnsutvikling i Sogn og Fjordane og vi skal halde dialogen med dei offentlege aktørane heit. Det er m.a. ei openbar utfordring å skapa økonomisk berekraft til vidareføring av ein del av tiltaka, ei utfordring vi vil og må løysa saman med andre, både offentlege og private organisasjonar.