Dette nettstedet bruker javascript. Hvis du aktiverer javascript blir brukeropplevelsen bedre.

- Tøffare, brattare, friare

NUKEN - OPP OG NEATTE

Bratt Moro ynskjer å takke alle for eit flott arrangement laurdag 30.september. Med 50 deltakarar i konkurranseklassen og 44 deltakarar i barne- og trimklassen (pluss ihuga foreldre) kan me ikkje seie anna en at "Nuken opp og neatte" blei ein suksess. Tross regnet på værmeldinga og noko gjørmete løypetrasé var det berre smilande springarar som kom i mål.
Me ynskjer også å takke Lerum, Intersport Sogndal, Sogndal turlag og Dampskipskaien for eit godt samarbeid. Dette ville ikkje vore mogleg utan god hjelp frå viktige, lokale aktørar. Takk også til alle frivillige som stod vakter, rigga opp målområde, merka løyper, fiksa lydanlegg, delte ut saft og mykje meir. Det er moro å sjå kva ein får til når ein har gira folk på laget. Under kan de sjå bilete frå den store dagen. Bileta er tatt av våre frivillige fotografar Ida Tonning og Therese Egge Belgum. Trykk på bileta to gonger for stort format.

Me sjåast neste år!