Dette nettstedet bruker javascript. Hvis du aktiverer javascript blir brukeropplevelsen bedre.

- Tøffare, brattare, friare

Prosjekt

Bratt moro har pr. d.d. ei brei og stor prosjektportefølje.

Sogndal Fjell- og fjordsportsenter
På oppdrag frå Bratt moro vart etableringa av eit senter for friluftsaktivitet på Dampskipskaien i Sogndal utreda av Vidsyn Rådgjeving i 2013. Utredninga rådde Bratt moro til å etablere selskapet Sogndal Fjell- og fjordsportsenter AS saman med ei rekke aktørar innan friluftslivet i Sogn med mål å etablere senteret. Bratt moro stod for prøvedrift sommaren 2013, medan Sogndal Lodge sommaren 2016 har sommardrift i lokala på 3. året. Frå 01.01.2017 håpar selskapet å ta over heile bygningsmassen og vere i heilårsdrift.

Foto: Fjell-og fjordmoro

Foto: Fjell-og fjordmoro

I tillegg til Bratt moro står desse aktørane bak Sogndal Fjell- og fjordsportsenter: Sogndal Lodge & Guiding, Breogfjell AS, Idrettssenteret AS, Sogndal Idrettslag, Klatregruppa, Norgesguidene AS, Sogn Terrengsykkel, Sogndal Skisenter Drift AS, Sogndal Dykkarklubb, Fjordenes Rute DA, Sogndal Fotball AS og SGNskis AS.

Sander Buene er styreleiar i Sogndal Fjell- og fjordsportsenter AS.

Salgsselskap Sogndal
Nettverksprosjekt med målsetjing å etablere eit selskap for sal av aktivitetar og overnatting mot privat- og bedriftsmarknad i inn og utland. Forprosjektet er finansiert med 50 prosent av Innovasjon Norge, og partnarane i nettverket er i tillegg til Bratt moro Sognefjorden Utvikling AS, Arne Glenn Flåten AS og Sogndal Skisenter Drift AS. Som resultat av prosjektet vart selskapet Fjord og Fjell AS skipa vinteren 2016 og prosjektet og utviklingsaktivitetane vert vidareført i det selskapet.

Prosjektleiar i forprosjektet var Børre Berglund, styreleiar i Fjord og Fjell AS er Arne Glenn Flåten.

Outdoor Health Network
Med fantastiske Indre Sogn Som utgangspunkt med det enorme friluftslivspotensiale, breie kunnskap om livet utandørs, dei strålande lokale matvarane, og den dokumenterte sunne livsstilen ønskjer vi å ta ein posisjon som ein sunn plass å vere. Verksemdene i nettverket er Brekick AS, 29-2 Aurland AS, Idrettssenteret AS, Bulder & Brak Opplevingar AS, Sogndal Fotball AS, Sogn Næring AS og Stiftinga Vestlandsforsking.

“We really want all partners to recognize this as not just a nice ‘label’ but a significant business opportunity and a massive achievement, potentially, for the kommune and its residents. If we can justifiably generate a centre for outdoor health business and research, backed up with a healthy population and thriving businesses, we can take the position. The region will become even more attractive as a place to live, so that additional benefits will accrue to building companies, retail, hospitality, education and public services.”

Prosjektleiar er Peter Varley.

Dalalåven
Med rivande utvikling i Sogndal Skisenter og massiv hyttebygging i Hodlekveområdet oppsto raskt eit behov for eit bygg med fellesfunksjonar og aktivitetar og ein samlingsplass for brukarane av skisenteret og hyttebrukarane. Målsetjinga er å reise eit bygg på snaut 1000 kvadratmeter i Rindabotn.

Prosjektet vert vidareført i selskapet Dalalåven AS som er eig 50 prosent av kvar av partnarane Sognefjorden Utvikling AS og Bratt moro AS.

Yngve Hallén er styreleiar i Dalalåven AS.

Bratt utvikling
Hodlekveområdet har trekt til seg mange tomtekjøparar og nye hytter står klare til bruk kvar veke. Hittil er det bygd relativt store hytter, men no ønskjer Bratt moro å introdusere hyttedraumen i laussnøparadiset til nye brukarar. Saman med Sognefjorden Utvikling har vi skipa selskapet Bratt utvikling med målsetjing å levere Fjellsporthytta som eit rimeleg alternativ.

Yngve Hallén er styreleiar i Bratt utvikling AS.

Parkeringsplassar Fretland
Fjellområda rundt Fretland er populære turmål for entusiastane i Sogndal. Hittil har grunneigarane i området etter beste evne forsøkt å ta unna for parkerinsbehovet i gardstuna sine, men no ønskjer Bratt moro i samarbeid med Sogndal Turlag, grunneigarane og Sogndal Kommune å utvikle parkeringsplassar til friluftsbruk.

Kjetil Kvåle er prosjektleiar.

Opplevingsruter
Transport til dei ulike tilboda naturen gjev i nærområda våre er fokus i dette forprosektet. Transport er i utgangspunktet kostbar infrastruktur, dette prosjektet vil imidlertid i stor grad ta utgangspunkt i eksisterande tilbod og gjere desse meir lønnsame og meir tilpassa og tilgjengelege for målgruppene. Forprosjektet har arbeidstittel «Opplevingsruter», men vil få eit mykje sprekare og tøffare namnt før det vert marknadsført.

Prosjektet er fusjonert med lignande prosjekt i Visit Sognefjord og Bratt moro står for delleveranse i prosjektet.

Freeride World Qualifyer / Freeride World Tour
Sidan 2013 har Fjellsportfestivalen og Bratt moro sin frikøyringskonkurranse vore del av Freeride World Qualifyer. Bratt moro vil vere pådrivar for utvikling av konkurransekonseptet til FWQ og FWT i tida framover. Rekruttering er viktig. Bratt moro vil difor stimulere til å få etablert eit lågterskel juniortilbod med lokal profil, og ein juniorkonkurranse eller ein 1* eller 2* konkurranse med nasjonal profil. I 2017 og 2018 vil ein vidareføre satsinga på 4* World qualifier.

Dersom det kjem ein mogelegheit for å arrangere Freeride World Tour kjem Bratt moro til å stille seg positivt til dette dersom arrangementet har ein bærekraftig økonomi.

Sognefjorden Alpine Traverse
Bratt moro er støttespelar og leverer konsulent- og medietenester når Breogfjell utviklar vårturen mellom Sogndal og Balestrand på ski.

Dag 3 av Sognefjordruta. Foto: Bre og Fjell

Dag 3 av Sognefjordruta. Foto: Bre og Fjell

Halvor Dannevig er prosjektleiar.

Tøffe opplevingar for hytte og fritidsmarknaden
Prosjektet skal etablere og utvikle ei næringsklynge for adrenalinturisme (eng. Adventure Tourism) basert på tre bedriftsnettverk knytt til tre næringsklynger i fylka Sogn og Fjordane, Sør-Trøndelag og Oppland. Klyngedeltakarane skal i tett samarbeid realisere unytta potensial gjennom kunnskapsutvikling, innovasjonsprosessar, internasjonalisering og forsterka samhandling for å tilfredsstille hytte og fritidsmarkedet.

Kunnskapsparken i Lillehammer er prosjekteigar og prosjektleiar er Ole A. Smidesang