Dette nettstedet bruker javascript. Hvis du aktiverer javascript blir brukeropplevelsen bedre.

- Tøffare, brattare, friare

Sogndal

Langt inne i Sognefjorden der bre møter fjord, og fjordarmane er omringa av mektige fjell, ligg Sogndal. Verdas einaste tippeligabygd tilbyr ikkje berre fantastisk saft, men også dei flottaste fjella og den aller beste snøen.

Sogn og Sogndal
Innerst i Sognefjorden mellom fjord, fjell og bre ligg regionsenteret Sogndal. Sogn er eit ynda mål for alle som let seg bergta av kontrastane naturen byr på med knallblå fjord, kritkvite fjell, saifirgrøne grassletter, og gullgule markbkomar under rosakledde frukttre. Jostedalsbreen, ikkje berre vakker, men også avgjerande for aktivitet i omådet sommar som vinter er ein garantist: Breen er garantisen vår for snørike vintrar og regnfattige somrar.

Dei siste åra har det bløma med aktivitetar knytt til dei naturgjevne føresetnadane i Sogn. Sogndal og omegn er no kjent som ein av dei beste frikjøringsstadane i Noreg, samt også eit område med god stisykling. Sogndal er ein heilårsstad for den friluftsinteresserte med det breie spekteret av aktivitetar i naturen det er mogeleg å gjere på eiga hand, eller saman med mange av dei etablerte aktivitetsbedriftene i regionen.

Foto: Håvard Nesbø

Foto: Håvard Nesbø